

Kven er me?
Over Rævne er mannskoret ved Norges Miljø og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås.
Me møtast minst ein gong i veka for å øve og hygge oss.
Me har forelska oss i dei tre store:
Fjell, Øl og Damer. Difor er det også naturleg at store delar av repertoaret vårt omhandlar akkurat Fjell, Øl og Damer. Me har nokre prinsipp du bør lese for å lettare forstå både denne heimesida og vår framtoning elles
BEstigning Preikestolen Høsten 2021
Over Rævne har tatt sin BEkledning og sin BEtoning frå Arne Garborgs 'Bondestudentar' og BEjørnstjerne BEjørnsons 'Over Ævne'.
Me BEkler oss i samsvar med vår tolking av den hardtarbeidande bonden på 1930-talet, kjenneteikna av bestefarstrøyer, vømmel, bukseselar og sixpence.

BEstigning Bukkelægret Sommeren 2023

Me likar oss BEst på eller i nærleiken av Norges BErømte fjell, slik som det årlege BEsøket til fjellfestivalen Rondaståk i Gålå...
Rondaståk, sommeren 2022
...men me er også en BEreist gjeng som har BEsøkt mangt ein stad båe innlands og utlands






Foreiningshuset vårt «BEde/BEdehuset» (Høgskoleveien 16) blir godt brukt til utallige BEgivenheiter gjennom året, alt frå kaffeBEsøk til volleyballturnering i hagen.
I BEdehuset lagar vi vårt eige bryg, noko vi med stoltheit presenterer ved eit kvar høveleg hending.

Bilete venstre: Kompetanse og studiepoeng blir henta frå NLH sitt emne om ølbrygging, MVI276. Bilete høgre: Ølsmaking med vår eigen bryg, hausten 2019.

I tillegg til å vere eit kor, er me også den stolte innehavar av rettigheitene til 3000m øl på Ås. Dette arrangerer vi kvart år i samanheng med UKA i Ås og Sprellfestivalen, ein stor og viktig idrett for studentmassen. For oss er den faktisk så viktig at vi arrangerer interne klubbmeisterskap heile året. Nokon gongar er føret krevjande, men då spennast skia på
3000m BirkeBEiner vinter 2023
Vår stiftelsesBEretning vart skriven til vårt 5-års jubileum i 1998. For den som ynskjer ei djuptgåande forståing av Mannskoret Over Rævne, gir denne svar på mykje og kan finnast her
