top of page

Kven er me?

Over Rævne er mannskoret ved Norges Miljø og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås. Me møtast minst ein gong i veka for å øve og hygge oss. Me har forelska oss i dei tre store: Fjell, Øl og Damer. Difor er det også naturleg at store delar av repertoaret vårt omhandlar akkurat Fjell, Øl og Damer.

Me har nokre prinsipp du bør lese for å lettare forstå både denne heimesida og vår framtoning elles.

 

Mannskoret Over Rævne sin logo
Intimkonsert med Mannskoret Over Rævne

Over Rævne har tatt sin BEkledning og sin BEtoning frå Arne Garborgs 'Bondestudentar' og BEjørnstjerne BEjørnsons 'Over Ævne'. Me BEkler oss i samsvar med vår tolking av den hardtarbeidande bonden på 1930-talet. Me BEnytter BE-forstavelsar så ofte me kan, og ut i frå dette språket har me BEkledd oss med titlar som:

BEstyrer             Administrerande Sjef.

BEhandler           Dirigent.

BEtaler               Økonomiansvarleg.

BEskriver            Ansvarleg for å BErette om Rævne si framferd frå år til år.

BEbilder             Ansvarleg for å skaffe biletBEvis for BEskriver si BEretting.

BEskaffer           Har kontrollen på oppdraga.

BEfinner             Har kontroll på fråværet ved øvingar og oppdrag.

BEsjåvver (2 stk)   Ordnar alt med Sjåvvet som vi har i Februar.

BEsvetter            Ansvarleg for gjennomføring av 3000meter ØL.

BEdårer              Tittelen alle Rævnemenn automatisk får.

BEstiger             Ansvarleg for ein årleg fjelltur med koret.

BEwebber            Ansvarleg for Rævne si framtoning på verdsveven (denne sida).

BEprinter           Ansvarleg for at Rævne får dei notar og papir som trengst.

BEruser              Ansvarleg for å brygge øl samt ansvarleg for bryggeutstyr. 

Vår stiftelsesBEretning vart skriven til vårt 5-års jubileum i 1998. For den som ynskjer ei djuptgåande forståing av Mannskoret Over Rævne, gir denne svar på mykje og kan finnast her

bottom of page